SLITENELITEN spiller opp til fæst på Primstaven!

  • Date 17. mars 2023
  • Time 20:00 – 22:00
  • Location Primstaven bok & antikvariat

Sekstetten Sliteneliten tok bygd og by med storm med sitt no utselde sjølvtitulerte debutalbum i 2021. No er bandet tilbake med oppfølgaren, “Me kan´kje sei nei te da som e bedre”.

Med poppete kraftballadar, folkete visesongar med 70-talsschwung, rockete rockelåtar og med tekstar så tettpakka av meining at vokalisten nesten rappar, byr Sliteneliten opp til dans på vollen og allsong om å krevje sekstimers arbeidsdag, ete dei rike, gje bønder ordentlege vilkår, knuse kapitalen, og om å skape ei betre verd med fridom, hus og dus for alle, ikkje berre for dei få. Albumet er som eit musikalsk 1. mai-tog, med parolar som «nei til gruvedumping i fjordane» og «ja til sekstimers arbeidsdag». Men sjølv om Me kan´kje sei nei te da som e bedre er eit politisk album, byr Slitenelitens tekstunivers på mykje meir enn proklamatoriske kampsongar. Her finnes òg genuine skildringar av eksistensiell angst, tru og tvil.

Med eit grumsete komp pynta med tverrfløyte og fele blir tanken fort sendt i retning 70- tallsband som Amtmandens Døtre, Ym-Stammen og Tramteatret. Det har òg blitt kviskra om The Raincoats blant publikum. Samstundes er ikkje Sliteneliten noko nostalgisk “alt-var- betre-før”-band. Få norske band har den same evna til å ta pulsen på si eiga samtid og skildre korleis det er å skulle greie seg som ung vaksen i ein tidsalder prega av kriser. Som bandet seier: Korleis kan ein endre verda? Nokre måtar å få det til på kan vere å putte oppdrettsfisk i alle fjordane i eit land og betale minimalt med skatt, sikre seg ein plass på invitasjonslista til fine middagar/strategimøte med statsrådar og andre med mykje pengar, eller kjøpe eit sosialt medium. Ingen av desse alternativa er (diverre?) innanfor rekkjevidda til nokon av dei seks damene som speler i bandet Sliteneliten. Kva gjer ein då? Ein kan til dømes rigge opp trommesettet, stemme gitarane, bassen, tverrfløyta og fela, reinske stemmen, og gaule ut på det venaste vossamål om korleis vi heller burde samlast, alle vi som ikkje er aksjemilliardærar eller er fødde inn i maktposisjonar, og saman endre alt til noko betre.

Sliteneliten består av odelsjentene Synneva Gjelland (gitar, vokal, piano) og Thea Marie Kvam (trommer), gartnar Silje Strøm (tverrfløyte), lyddesignar Ylva Gülpinar (gitar) og studentane Inga Haugdahl Solberg (fele) og Maria Refsland (bass)

Billetter 150/50 ved inngang.